3.4 Lærlingar i vidaregåande opplæring

Lærlingar er personar som har inngått ein lærekontrakt om opplæring og praksis i ei bedrift, med sikte på fag- eller sveinebrev. 1. oktober 2015 var det registrert 39 000 lærlingar. Det er 600 fleire enn i 2014. 71 prosent av lærlingane er gutar.

I tillegg til lærlingane var det 2000 lærekandidatar og over 1000 elevar som fekk fagopplæring i skole. Fagopplæring i skole er eit tilbod for søkjarar som ikkje har fått læreplass. Desse elevane får opplæring i faget ved skolen i staden for i bedrift. Målet er likevel fag- eller sveinebrev.

Fleire nye lærekontraktar enn for fire år sidan

Det har i fleire år vore eit mål å auke talet på lærekontraktar. I 2015 vart det inngått 19 800 nye lærekontraktar, ein auke på 8 prosent sidan 2011.

Det er store skilnader mellom fylka i korleis utviklinga i nye lærekontraktar har vore frå 2011 til 2015. Sju fylke har ein auke på 10 prosent eller meir. Oslo har den største auken på 41 prosent.

7 av 10 søkjarar får lærekontrakt

I 2015 søkte 28 000 elevar om læreplass. Det er over 1100 fleire enn i 2014. Talet på søkjarar har auka kvart år dei siste åra, og det er no om lag 14 prosent fleire enn for fire år sidan.

Ved årsskiftet hadde 68 prosent av søkjarane fått godkjend lærekontrakt. Det er stor skilnad mellom fylka. 83 prosent av søkjarane i Oslo hadde fått godkjend lærekontrakt, medan prosentdelen i Østfold var 53.

Basert på tidlegare analysar veit vi at ein del av dei som ikkje fekk kontrakt innan årsskiftet, fekk kontrakten godkjend i løpet av dei neste månadene.

Størst auke i nye lærekontraktar i helse- og oppvekstfag

6 av 9 utdanningsprogram har hatt ein auke i nye lærekontraktar sidan 2011, medan resten har hatt ein nedgang, sjå tabell 3.4. Den største auken ser vi i helse- og oppvekstfag med nærmare 1000 fleire kontraktar. I design og handverk har det derimot blitt 250 færre nye lærlingar.

Til saman er i overkant av 70 prosent av lærekontraktane i privat sektor. Både privat, statleg og kommunal sektor har alle hatt ein auke i nye kontraktar sidan 2011, men auken har vore størst i kommunal sektor.

Lærekandidatar

Ein lærekandidat inngår ein opplæringskontrakt med ei lærebedrift og går opp til ei kompetanseprøve. Kompetanseprøva er ei mindre omfattande prøve enn fag- og sveineprøva. Hausten 2015 var det registrert 2000 lærekandidatar, 100 fleire enn året før, sjå figur 3.4. Ordninga er særleg utbreidd på service og samferdsel, på bygg- og anleggsteknikk, og på helse- og oppvekstfag.

Tabell 3.4 Nye lærekontraktar etter utdanningsprogram. Utvikling frå 2011 til 2015. Tal

2011 2012 2013 2014 2015
Bygg- og anleggsteknikk 3 746 3 702 3 667 3 760 3 820
Design og handverk 1 319 1 166 1 127 1 095 1 069
Elektrofag 2 997 3 230 3 165 3 132 3 125
Helse- og oppvekstfag 2 661 2 872 2 988 3 201 3 657
Medium og kommunikasjon 111 111 70 80 92
Naturbruk 436 417 433 500 532
Restaurant- og matfag 1 213 1 135 1 123 1 114 1 145
Service og samferdsel 1 827 1 841 1 960 2 091 2 318
Teknikk og industriell produksjon 3 973 4 049 4 146 4 280 4 071

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (Statistikkportalen)

Figur 3.4 Lærekandidatar etter utdanningsprogram. 2014 og 2015. Tal.

figur-3-4-laerekandidatar-etter-utdanningsprogram-2014-og-2015-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Fagopplæring i skole

I 2015 får over 1000 elevar fagopplæring i skole. Fagopplæring i skole er eit tilbod til søkjarar som ikkje har fått læreplass. Desse elevane får opplæring i faget ved skolen i staden for i bedrift. Målet er likevel fag- eller sveinebrev.