3.3 Vidaregåande skolar

Det er 423 vidaregåande skolar i Noreg med i gjennomsnitt 449 elevar. 22 prosent av dei vidaregåande skolene er private. Dei private skolane er gjerne mindre enn dei offentlege. Offentlege vidaregåande skolar har gjennomsnitt 529 elevar, medan dei private har 162. 43 prosent av private vidaregåande skolar har færre enn 100 elevar.

Dei fleste private vidaregåande skolar er friskolar (sjå kapittel 2 for å lese meir om friskoleloven). Friskolar får statstilskot og må oppfylle eit særskilt grunnlag for å bli godkjende.

Hausten 2015 er det 90 godkjende private vidaregåande skolar i Noreg. Alle desse skolane er godkjende etter friskolelova, bortsett frå éin, som er godkjent etter opplæringslova. Dei fleste skolane som er godkjende etter friskoleloven er godkjende på grunnlaget livssyn, se tabell 3.3.

Mange privatskoleelevar i Oslo og Hordaland

Om lag 14 900 elevar i vidaregåande opplæring går på private skolar hausten 2015. Dei utgjer 8 prosent av elevane. Det er store skilnader mellom fylka i kor mange elevar som går på private skolar. Høgst del finn vi i Oslo med 16 prosent, etterfølgt av 15 prosent i Hordaland. I Finnmark er delen 0,5 prosent. 3 av 4 elevar på private vidaregåande skolar tek eit studieførebuande utdanningsprogram.

Sjølv om prosentdelen elevar som går på privatskolar er større på vidaregåande enn på grunnskolen, er den låg samanlikna med andre land. Tal frå OECD visar at Noreg ligg godt under snittet i OECD som er på 19 prosent (figur 3.3). Med 11 prosent ligg Noreg også lågare enn Island, Finland og Sverige, men klårt høgare enn Danmark. I dessa tala er blant anna lærlingar og elevar på folkehøgskolar inkluderte.

Tabell 3.3 Private vidaregåande skolar. 2015-16. Tal.

 Grunnlag Tal
Livssyn 30
Anerkjend pedagogisk retning 11
Internasjonalt 1
Særskilt tilrettelagd vidaregåande opplæring i kombinasjon med toppidrett 16
Særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma* 5
Vidaregåande opplæring i små og verneverdige handverksfag 2
Utan særskilt grunnlag** 23
Privatskdlar godkjent etter opplæringslova (Deutsche Schule Oslo – Max Tau 1
Totalt i Noreg 90
Norske skolar i utlandet 5
Totalt i Noreg og utlandet 95

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, foreløpige tal

*I tillegg gir 3 av skolane som er godkjend på religiøst grunnlag og 4 av skolane som
er godkjend etter anerkjend pedagogisk retning, også særskilt tilrettelagd opplæring for
funksjonshemma.
** Desse skolane vart godkjende før privatskolelova (og frå 2015 friskolelova) kom
med krav om grunnlag

Figur 3.3 Elevar i private vidaregåande skolar i utvalde land. 2013. Prosent.

figur-3-3-elevar-i-private-vidaregaande-skolar-i-utvalde-land-2013-prosent

Kilde: OECD/SSB

Flere tall