3.2 Programområde og fag

På Vg2 kan elevane velje kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på.

Fellesfag, felles programfag og valfrie programfag

Fellesfag er obligatoriske fag på yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Kravet til fellesfag er meir omfattande på studieførebuande utdanningsprogram enn på yrkesfaglege utdanningsprogram.

Felles programfag er fag som er obligatoriske på eit gitt utdanningsprogram. Alle utdannings-programma, med unntak av utdanningsprogram for studie spesialisering med formgivingsfag, har felles programfag.

Valfrie programfag er fag som tilhøyrer bestemte utdannings program, og som elevane kan velje.

Språk, samfunnsfag og økonomi er mest populært på studieførebuande

Innan studiespesialiserande vel 53 prosent av elevane språk, samfunnsfag og økonomi, 41 prosent vel realfag, medan 3 prosent vel formgivingsfag.

Innan helse- og oppvekstfag er det største programområdet helsearbeidarfag, etterfølgt av barne- og ungdomsarbeidarfag. 83 prosent av elevane på helse- og oppvekstfag går på eit av desse programområda. Helsearbeidarfag har 3200 elevar på Vg2 og er dermed det største yrkesfaglege programområdet.

Fleire gutar enn jenter tek fysikk og matematikk for realfag

Blant realfaga er det flest elevar på matematikkfaga, noko som for ein stor del kjem av at dei er del av fellesfaga. Dei andre store realfaga er fysikk med 14 000 elevar, kjemi med 14 400 elevar og biologi med 11 400 elevar. Skoleåret 2015-16 vel 8200 elevar på Vg2 R1 (matematikk for realfag), medan 8400 vel S1 (matematikk for samfunnsfag). Det er store kjønnsskilnader mellom dei ulike realfaga. Det er fleire gutar som tek fysikk og matematikk for realfag, medan jentene vel biologi og kjemi oftare enn gutane, sjå figur 3.2.

Figur 3.2 Gutar og jenter etter utvalde realfag. 2015-16. Prosent.

figur-3-2-gutar-og-jenter-etter-utvalde-realfag-2015-16-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (Statistikkportalen)

Flere tall