3.1 Elevar i vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring

Vidaregåande opplæring er frivillig. Alle ungdomar som har fullført grunnskolen, har likevel rett til vidaregåande opplæring som skal føre fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

Hausten 2015 går 191 100 elevar i vidaregåande opplæring, inkludert fagopplæring i skole. I tillegg er det 39 000 lærlingar og 2000 lærekandidatar. 59 prosent av elevane går på studieførebuande utdanningsprogram, og 41 prosent går på yrkesfaglege utdanningsprogram. 92 prosent av alle 16–18-åringar deltek i vidaregåande opplæring hausten 2015 (Statistisk sentralbyrå 2015).

Flest tek studiespesialisering

Det finst tolv ulike utdanningsprogram elevane kan ta; tre studieførebuande og ni yrkesfaglege. Lik dei to føregåande åra begynte nær halvparten av elevane som starta på Vg1 hausten 2015, på eit studieførebuande utdanningsprogram. Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 41 prosent av elevane på Vg1. Det har vore ein auke i prosentdelen elevar på studieførebuande dei siste 2 åra.

Eige utdanningsprogram i kunst, design og arkitektur

Frå skoleåret 2016-17 blir utdanningsprogrammet for studiespesialisering, programområdet for formgjevingsfag, gjort om til eit eige studieførebuande utdanningsprogram med namnet kunst, design og arkitektur. Det vil bli ei trinnvis innføring av det nye tilbodet. Det er i overkant av 1200 søkjarar til Vg1 kunst, design og arkitektur per 1. mars 2016. Det er omtrent 300 fleire enn det nå nedlagde Vg1-programområdet studiespesialisering med formgjeving hadde i 2015.

Det er 10 800 elevar som tek Vg3 påbygging til generell studiekompetanse. Fire gonger så mange elevar tek påbygg etter yrkesfagleg Vg2 som etter oppnådd yrkeskompetanse. Hausten 2015 er det 600 fleire elevar som tok påbygg etter oppnådd yrkeskompetanse samanlikna med året før.

Nesten 1 av 4 yrkesfagselevar går på helse- og oppvekstfag

På Vg1 er helse- og oppvekstfag det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet med nesten ein fjerdedel av alle yrkesfagselevane hausten 2015. Det er også her vi finn den største relative auken – med nærare 8 prosent frå året før, sjå tabell 3.1. Teknikk og industriell produksjon og elektrofag kjem på andre- og tredjeplass med 17 og 13 prosent av yrkesfagselevane på Vg1. Naturbruk har færrast av elevane på Vg1.

Tabell 3.1 Elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring*. 2015-16. Tal.

Vg1 Vg2 Vg3* Lærlingar og lærekandidatar Sum
Studieførebuande utdanningsprogram (3 program) 37 200 33 100 34 600 104 900
Påbygg etter yrkesfagleg Vg2 8 700 8 700
Påbygg etter oppnådd yrkeskompetanse 2 100 2 100
Yrkesfaglege utdanningsprogram (9 program) 37 900 31 700 5 800 75 400
Lærlingar og lærekandidatar 41 000 41 000
Sum 75 100 64 800 51 200 41 000 232 100

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, førebelse tal

*Vg3 inkluderer fagopplæring i skole

Kjelder

I dette kapittelet er tal om elevar, lærlingar, lære- kandidatar, praksiskandidatar og vaksne laga frå registerdata på individnivå, henta frå VIGO. Delar av desse tala er først handsama av SSB.

Store kjønnsskilnader mellom yrkesfaglege utdanningsprogram

Det er store skilnader i kva for utdanningsprogram jenter og gutar vel. På design og handverk er det 87 prosent jenter, og på helse- og oppvekstfag er det 85 prosent jenter. På bygg- og anleggsteknikk er det 96 prosent gutar og det er 94 prosent gutar på elektrofag. Det er litt mindre kjønnsskilnader i dei studieførebuande utdanningsprogramma, men musikk, dans og drama har ei stor overvekt jenter med 68 prosent.

 

Tabell 3.2 Elevar og lærlingar fordelte på utdanningsprogram og trinn. 2015-16. Tal*.

Vg1 Vg2  Vg3 + Vg3 i skole Lærlingar og lærekandidatar
Studiespesialisering 30 594 27 440 28 825
Påbygging 10 832
Idrettsfag 4 236 3 743 3 816
Musikk, dans og drama  2 323 1 927 1 950
Bygg- og anleggsteknikk 4 336 3 384 128 8 371
Design og handverk 2 165 1 482 287 2 009
Elektrofag 5 117 4 414 1 128 7 893
Helse- og oppvekstfag 8 902 7 245 899 6 583
Medium og kommunikasjon 3 194 2 811 1 975 169
Naturbruk 1 835 1 515 751 1 043
Restaurant- og matfag 2 321 1 450 26 2 176
Service og samferdsel 3 515 3 859 162 4 515
Teknikk og industriell produksjon 6 564 5 530 424 8 214

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, foreløpige tal

*Vg3 inkluderer fagopplæring i skole

Figur 3.1 Elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram etter kjønn. 2015-16. Prosent.

figur-3-1-elevar-pa-yrkesfaglege-utdanningsprogram-etter-kjonn-2015-16-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet, foreløpige tal