2.9 Kompetansen til lærarane

For å bli tilsett fast i grunnskolen må ein ha lærarutdanning eller anna godkjend utdanning. I tillegg er det nye krav om studiepoeng i faga lærarane underviser i.

5 prosent av lærarane oppfyller ikkje kompetansekrava for tilsetjing. Desse er anten tilsette under føresetnad av at påbegynt utdanning blir fullført, eller dei er mellombels tilsette.

Mange lærarar oppfyller ikkje nye krav om studiepoeng i faga dei underviser i

For lærarar som underviser i norsk, matematikk, engelsk, samisk og norsk teiknspråk, er det eit kompetansekrav om 30 studiepoeng på barnetrinnet og 60 på ungdomstrinnet.

Av dei 95 prosent lærarar som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing, er det mange som ikkje oppfyller kompetansekrava for undervisning i faga dei underviser i. 9500 av lærarane som underviser i norsk, 12 400 av lærarane som underviser i matematikk, og 11 300 av lærarane som underviser i engelsk, manglar studiepoeng for å oppfylle kompetansekravet for undervisning. Dette utgjer 26 prosent av norsklærarane, 38 prosent av matematikklærarane og 48 prosent av engelsklærarane.

Det er skilnader mellom barne- og ungdomstrinnet. Prosentdelen lærarar som ikkje oppfyller kompetansekravet for undervisning i norsk og matematikk, er høgast på ungdomstrinnet. I engelsk er den høgast på barnetrinnet.

Figur 2.14 Lærarar* som ikkje oppfyller kompetansekravet for undervisning i fag dei underviser i, fordelte på barne- og ungdomstrinn**. 2015-16. Prosent.

figur-2-14-laerarar-som-ikkje-oppfyller-kompetansekravet-for-undervisning-i-fag-dei-underviser-i-fordelte-pa-barne-og-ungdomstrinn-2015-16-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

*Berre lærarar som oppfyller tilsetjingskravet ** Lærarar som underviser både på barne og ungdomstrinnet, er registrerte på ungdomstrinnet