2.8 Personalressursar

Lærartettleiken endrar seg lite

Lærartettleik gir ein indikasjon på kor mange elevar det er per lærar i ein undervisningssituasjon. Ofte er timar til særskilt norsk og spesialundervisning trekte frå, slik at det er gruppestorleiken i ein ordinær undervisningssituasjon som blir målt. I 2015-16 er gjennomsnittleg lærartettleik i ordinær undervisning 16,8. Lærartettleiken har endra seg lite dei siste fem åra.

23 prosent av elevane går på skolar med 20 elevar eller meir per lærar i ordinær undervisning. Denne delen har auka frå 14 prosent i 2001-02. Auka kan ha fleire forklaringar. Vi har mellom anna sett tidlegare i kapittelet at det er blitt 400 færre grunnskolar enn for ti år sidan og fleire store skolar.

Det er ein sterk samvariasjon mellom skolestorleik og lærartettleik. Jo større gjennomsnittleg skolestorleik det er i ein kommune, desto fleire elevar er det per lærer, sjå figur 2.12. Dette er ei av årsakene til at kommunar med spreidd busetnad og lågt elevtal har høgare utgifter per elev.

Lærartettleik er ikkje det same som storleiken på klassen, men skal gi eit samla bilete av ressurssituasjonen ved skolen. Lærartettleiken blir for eksempel den same i ei gruppe med femten elevar og ein lærar, som han blir i ei gruppe med tretti elevar og to lærarar.

Figur 2.12 Gjennomsnittleg lærartettleik i ordinær undervisning fordelt på skolestorleik. 2015-16. Talet på elevar per lærar.

figur-2-12-gjennomsnittleg-laerartettleik-i-ordinaer-undervisning-fordelt-pa-skolestorleik-2015-16-talet-pa-elevar-per-laerar

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Tilskot til auka lærartettleik

Hausten 2012 vart det vedteke å løyve 1,5 milliardar kroner over ein fireårsperiode til 600 nye lærarstillingar i ungdomsskolen. Dei nye lærarstillingane skal auke lærartettleiken i ordinær undervisning.

Alle kommunar som i skoleåret 2011-12 hadde ungdomsskolar med gjennomsnittleg lærartettleik på over 20 elevar, og som hadde grunnskolepoeng under det nasjonale gjennomsnittet, kunne søkje om midlar. Kommunane vart tildelte årsverk per skole ut frå talet på elevar på skolane. Til saman vart 166 skolar tildelte øyremerkte midlar til 573 årsverk.

Fleire undervisningsårsverk til ordinær undervisning på ungdomstrinnet

I 2015-16 er det 57 600 lærarårsverk i grunnskolen, 280 fleire enn året før. Av desse lærarårsverka er 51 200 årsverk knytte til undervisning. Omtrent 77 prosent av undervisningsårsverka går til ordinær undervisning, medan den resterande delen går til spesialundervisning, særskild språkopplæring og opplæring i samisk språk.

Skolane med tilskot til auka lærartettleik har totalt hatt ein auke i talet på årsverk på 22 prosent frå 2011 til 2015. I det same tidsrommet har auken i årsverk for andre skolar vore marginal. Men auken i ressursar ved dei utvalde skolane ser ikkje ut til å ha tappa ressursar frå ungdomsskolar som ikkje er med i ordninga.

Figur 2.13 Auke i årsverk til ordinær undervisning for skolar som deltek i ordninga for tilskot til auka lærartettleik, samanlikna med andre skolar. 8.-10. trinn. 2011-2015. Prosent.

figur-2-13-auke-i-arsverk-til-ordinaer-undervisning-for-skolar-som-deltek-i-ordninga-for-tilskot-til-auka-laerartettleik-samanlikna-med-andre-skolar-8-10-trinn-2011-2015-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Behov for fleire lærarar

Talet på grunnskoleelevar er som nemnt venta å auke vesentleg fram mot 2025 og som ein konsekvens må vi vente eit behov for fleire lærarar. Statistisk sentralbyrå reknar med at det vil vere behov for 3400 fleire grunnskolelærarar i 2020. Legg ein også dei nye tilskotsordningane for auka lærartettleik i grunnskolen til grunn, vil behovet vere 4100 lærarar i 2020 (Statistisk sentralbyrå 2015/41).

Årsverk til assistentar held seg stabilt

For skoleåret 2015-16 rapporterte grunnskolane at dei brukte om lag 8400 årsverk til assistentar, ein auke på 250 årsverk frå førre skoleåret. Assistentar er personale som mellom anna hjelper læraren med enkeltelevar i undervisninga.

Totalt går 65 prosent av assistenttimane til spesialundervisning.

Dei fleste assistentane har vidaregåande utdanning som den høgast fullførte utdanninga, og 24 prosent av assistentane har fagbrev i barne- og ungdomsarbeid (Statistisk sentralbyrå, tal for 2014). Denne delen er høgast i Vest-Agder, der 48 prosent av assistentane har barne- og ungdomsarbeidarutdanning, og lågast i Oslo med 5 prosent.