2.7 Skulefritids­ordninga

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning (SFO) før og etter skoletid for elevar på 1.-4. årstrinn, og for elevar med særskilde behov på 1.-7. årstrinn. Ordninga skal gi omsorg og tilsyn og leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar for barna.

Nesten 160 000 elevar går på SFO. Av desse har over 90 000 fulltidsplass. Dei siste ti åra har delen av elevane som deltek i SFO, auka med 8 prosentpoeng og i dag går 62 prosent av elevane på SFO.

Dess eldre barna blir, dess mindre deltek dei i SFO. På 1. trinn går 80 prosent av elevane på SFO, medan på 4. trinn er delen 33 prosent.

Kor mange elevar som deltek i SFO-ordninga, varierer veldig. I Oslo deltek 75 prosent av elevane på 1.-4. trinn i ordninga, og 72 prosent av dei med plass i SFO har fulltidsplass. Dermed er Oslo det fylket med høgast deltaking og den største delen med fulltidsplass. Fylket med lågast deltaking i SFO er Nord-Trøndelag. Her deltek 45 prosent av elevane i ordninga, og berre 34 prosent av dei med plass har fulltidsplass.

Figur 2.11 Elevar på 1.-4. trinn som deltek i SFO-ordninga, fordelte på fylke. 2015. Prosent.

figur-2-11-elevar-pa-1-4-trinn-som-deltek-i-sfo-ordninga-fordelte-pa-fylke-2015-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)