2.6 Målform

I skoleåret 2015-16 har 87 prosent av elevane bokmål som hovudmål. 12 prosent av elevane har nynorsk som hovudmål, ein nedgang på 2 prosentpoeng sidan 2005. 0,1 prosent av elevane har samisk, og 0,7 prosent har andre språk som opplæringsmålform, i hovudsak elevar på internasjonale privatskolar.

Berre to av fylka har eit fleirtal av elevar med nynorsk som hovudmål: Sogn og Fjordane med 98 prosent og Møre og Romsdal med 51 prosent. I Finnmark har 8 prosent av elevane samisk som hovudmål.