2.5 Valfag og språk på ungdomstrinnet

Konsekvensar av å ikkje ha framandspråk på ungdomstrinnet

Elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomstrinnet, må ha framandspråk i tre år dersom dei skal gå på eit studieførebuande utdanningsprogram. Dei har difor berre moglegheit til å velje to programfag på Vg3 og mister moglegheita til å ta framandspråk på nivå III. Strykprosenten er langt høgare for dei som ikkje har hatt framandspråk på ungdomstrinnet. I spansk strauk 1 av 3 av dei som ikkje hadde hatt framandspråk på ungdomstrinnet på skriftlig eksamen.

På ungdomstrinnet kan elevane velje mellom ulike valfag og framandspråk. Dei kan også velje arbeidslivsfag eller fag frå vidaregåande opplæring. Valet til elevane er i praksis bunde av kva fag skolen tilbyr, og fagtilbodet varierer mykje mellom skolane.

7 av 10 elevar på ungdomstrinnet vel eit framandspråk

Elevar på ungdomstrinnet skal anten ha framandspråk eller fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Dersom skolen tilbyr arbeidslivsfag, kan elevane velje det i staden. 74 prosent av elevane valde eit framandspråk hausten 2015. 18 prosent valde språkleg fordjuping, og 7 prosent valde arbeidslivsfag. 578 skolar, nesten halvparten av skolane som har elevar på ungdomstrinnet, gir opplæring i arbeidslivsfaget. 15 elevar på ungdomstrinnet skal anten ha framandspråk eller fordjuping i engelsk, norsk eller samisk. Dersom skolen tilbyr arbeidslivsfag, kan elevane velje det i staden. 74 prosent av elevane valde eit framandspråk hausten 2014. 18 prosent valde språkleg fordjuping, og 7 prosent valde arbeidslivsfag.

578 skolar, nesten halvparten av skolane som har elevar på ungdomstrinnet, gir opplæring i arbeidslivsfaget. 15 prosent av elevene på ungdomstrinnet ved desse skolene tek arbeidslivsfaget.

Forsøk i fordjuping matematikk

Elevar som begynte på 8. trinn i skoleåret 2015-16, kan velje fordjuping i matematikk som eit alternativ til framandspråk, språkleg fordjuping eller arbeidslivsfaget. 172 elevar på 8. trinn, fordelte på 27 skolar, tek fordjuping i matematikk i skoleåret 2015-16.

Fordjuping i matematikk vart innførd som eit forsøk i skoleåret 2015-16. Frå 1. august 2016 blir matematikk fordjuping eit ordinært tilbod som alternativ til framandspråk for elevar på ungdomstrinnet på linje med dei andre fordjupingsfaga.

Dette inneber at elevane på ungdomstrinnet kan velje mellom framandspråk, fordjuping i engelsk, norsk, samisk, matematikk eller opplæring i arbeidslivsfag frå 1. august 2016.

I Akershus og Rogaland valde over 80 prosent av elevane framandspråk i skoleåret 2015-16. I Finnmark valde 51 prosent av elevane framandspråk, og Finnmark er det fylket der flest elevar vel språkleg fordjuping (31 prosent) og arbeidslivsfag (18 prosent).

Spansk er det vanlegaste framandspråket. 44 prosent av elevane som vel framandspråk, tek spansk. Deretter kjem tysk med 38 prosent og fransk med 17 prosent. Under 1 prosent tek andre språk enn tysk, fransk eller spansk.

Figur 2.10 Fordeling av gutar og jenter på dei ulike valfaga. 2015-16. Prosent.

figur-2-10-fordeling-av-gutar-og-jenter-pa-dei-ulike-valfaga-2015-16-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

 

Nesten 60 prosent av elevane tek eit av dei tre mest populære valfaga

Elevar på 8.-10. trinn skal kunne velje mellom minst 2 av 14 ulike valfag.

Fysisk aktivitet er det vanlegaste valfaget, etterfølgt av sal og scene og design og redesign. Nesten 60 prosent av elevane tek eit av desse valfaga. For gutane skil fysisk aktivitet seg klart ut. 43 prosent av gutane vel fysisk aktivitet, medan jentene fordeler seg jamnare på dei tre største valfaga.

Skolen gir i snitt opplæring i fem valfag

Det er stor variasjon i kor mange valfag den enkelte skolen gir opplæring i. I snitt gir skolane opplæring i fem valfag, og over 90 prosent av elevane går på skolar som gir opplæring i fire eller fleire valfag.

Storleiken på skolane har mykje å seie for kor mange valfag dei tilbyr. 1 prosent av elevane går på skolar som berre gir opplæring i eitt valfag. Desse skolane har i snitt 18 elevar på 8.-10. trinn. Samstundes gir skolar med over 300 elevar på ungdomstrinnet i snitt opplæring i 7 ulike valfag.

Fleire elevar i grunnskolen tek fag frå vidaregåande opplæring

Elevar på ungdomstrinnet kan følgje opplæringa i eit eller fleire fag frå vidaregåande opplæring dersom dei har tilstrekkeleg kompetanse til dette. Fag frå vidaregåande er ei av få formelle ordningar i grunnskolen som er tilpassa elevar som ønskjer ekstra utfordringar. Eleven kan ta fag frå vidaregåande i staden for valfag, eller bruke inntil 60 prosent av timane i faget utdanningsval.

Skoleåret 2015-16 tek 1600 elevar fag frå vidaregåande opplæring, 600 fleire enn i 2011-12. 86 prosent av elevane går på 10. trinn. Over 100 kommunar har elevar på ungdomstrinnet som tek fag frå vidaregåande opplæring. Blant dei største kommunane har Drammen og Oslo høgast deltaking i prosent. Her tek høvesvis 10 og 5 prosent av elevane på 10. trinn fag frå vidaregåande.