2.4 Særskilt språkopplæring

7 prosent av elevane får særskild norskopplæring

Skoleåret 2015-16 får over 43 000 elevar særskild norskopplæring, noko som svarer til 7 prosent av elevane. Denne prosentdelen har vore stabil dei siste åra, noko som kan komme av at talet på barn i aldersgruppa 0-15 år som har innvandra til Noreg, har vore stabilt dei siste åra (Statistisk sentralbyrå). Den høge prosentdelen asylsøkjarbarn som kom til Noreg siste kvartal 2015, er først med i denne statistikken neste år. Dersom vi legg til grunn at alle asylsøkjarbarna som har komme til Noreg frå hausten 2015 til våren 2016, får særskild norskopplæring, i tillegg til dei som hadde det per 1. oktober, kjem vi opp i ein total prosentdel på i underkant av 8 prosent.

Per 1. januar 2015 har totalt 14,3 prosent av elevane i grunnskolen innvandrarbakgrunn, og omkring halvparten av desse fekk særskild norskopplæring. Med innvandrarbakgrunn meiner vi barn som sjølve har innvandra til Noreg, og norskfødte barn med to innvandrarforeldre.

Det er fleire elevar som får særskild norskopplæring på dei lågaste trinna. 8 prosent av elevane på 1.-4. trinn fekk særskild norskopplæring i 2015-16, medan tilsvarande tal på 8.-10. trinn var 5 prosent. Den særskilde norskopplæringa er ei overgangsordning fram til eleven har tilstrekkelege norskkunnskapar til å følgje den ordinære opplæringa.

Rett til særskild norskopplæring

Elevar med anna morsmål enn norsk eller samisk har rett til særskild norskopplæring fram til dei har tilstrekkeleg kompetanse i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skolen.

Oslo har flest elevar som får særskild norskopplæring

Oslo skil seg klart ut som kommunen med flest elevar som får særskild norskopplæring. 22 prosent av elevane i Oslo får særskild opplæring i norsk. Nest etter Oslo er Lavangen, med 19 prosent, den kommunen som har flest elevar med særskild norskopplæring. Drammen er med 17 prosent den av dei ti største kommunane i Noreg som har flest elevar med særskild norskopplæring etter Oslo.

Kommunerevisjonen i Oslo kommune (2015) viser at nesten 60 prosent av elevane som fekk særskild norskopplæring på 1. trinn, framleis hadde særskild norskopplæring på 10. trinn. Det er altså grunn til å setje spørsmålsteikn ved om særskild norskopplæring primært fungerer som ei overgangsordning, og om kvaliteten gjennomgåande er god nok.

Rett til anna særskild språkopplæring

Elevar som har rett til særskild norskopplæring, har også rett til morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring dersom dei treng det. I morsmålsundervisninga får eleven opplæring i eige morsmål utover det ordinære timetalet. Tospråkleg fagopplæring er opplæring der elevens morsmål blir nytta i opplæringa anten åleine eller saman med norsk innafor det ordinære undervisningstimetalet. Dersom det manglar tilsette som kan gi morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring, skal kommunen tilby anna tilrettelagd opplæring så langt det er mogleg.

Færre elevar med anna særskild språkopplæring

33 prosent av elevane som får særskild norskopplæring i skoleåret 2015-16, får også anna særskild språkopplæring. Det er ein nedgang på 7 prosent frå året før, og ein nedgang på 35 prosent sidan 2010-11. Spesielt morsmålsopplæringa har hatt ein stor nedgang og er halvert i denne perioden.

Av dei 43 400 elevane med særskild norskopplæring får til saman 33 prosent også anna særskild språkopplæring. 5 prosent får både morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring, 20 prosent får berre tospråkleg fagopplæring, og 4 prosent får berre morsmålsopplæring. 4 prosent får tilrettelagd opplæring. Det er flest elevar som får morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring i somalisk, polsk og arabisk.

Figur 2.7 Elevar med særskild norskopplæring og anna særskild språkopplæring. 2005-2016. Tal.

figur-2-7-elevar-med-saerskild-norskopplaering-og-anna-saerskild-sprakopplaering-2005-2016-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Ulik bruk av morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring

Bruken av morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring og anna tilrettelagd opplæring varierer mykje mellom kommunane. I Bergen og Trondheim får 8 av 10 elevar som får særskild norskopplæring, i tillegg morsmålsopplæring og/eller tospråkleg fagopplæring. I Oslo er prosentdelen 10, medan i Drammen er det ingen elevar som får morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring i tillegg til særskild opplæring i norsk. Oslo gir tospråkleg fagopplæring, men ikkje morsmålsopplæring. I Bergen får halvparten av dei som får særskild norskopplæring, morsmålsopplæring.

Færre timar til særskild språkopplæring per elev

Sjølv om talet på elevar som får særskild norskopplæring, har auka dei siste ti åra slik figur 2.7 viser, har timetalet per elev gått ned, sjå figur 2.9. Det har også vore ein nedgang i lærartimar per elev til morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Få ressursar og mangel på kvalifiserte lærarar kan vere med på å forklare nedgangen i lærartimar per elev til særskild språkopplæring, viser ei undersøking (Rambøll 2016). Ofte kan det vere ressursar som bestemmer kva slags opplæring elevane får, framfor dei reelle behova elevane har. Undersøkinga finn òg at om lag ein tredjedel av lærarane som underviser elevar med særskild språkopplæring, ikkje har formell kompetanse i å undervise minoritetsspråklege elevar.

4900 elevar i innføringstilbod

Barn i grunnskolealder som nettopp har komme til Noreg, har rett og plikt til grunnskoleopplaring dersom det er truleg at barnet skal vare i Noreg i meir enn tre månader. Kommunen kan organisere innforingstilbod for minoritetsspraklege elevar i eigne grupper, klassar eller skolar.

1. oktober 2015 deltok nesten 4900 elevar i slike innføringstilbod. Drygt 700 av desse var asylsøkjarar. Omkring halvparten av asylsøkjarane som da fekk grunnskoleopplæring, gjekk i eigne inføringsgrupper.

Etter opplæringslova er det mogleg for elevar å gå i innføringstilbod i inntil to år. Mange skoleeigarar reduserer innføringstilbodet til eitt år, og grunngir det med at det er viktig at elevane raskt blir integrerte i ein ordinær klasse (Rambøll 2016). Eitt år er tilstrekkeleg for mange, men for elevar på dei øvste trinna med liten eller ingen skolegang frå heimlandet kan det vere for lite.

Rundt årsskiftet var det omtrent 4700 asylsøkjarbarn i grunnskolealder som budde i eit mottak eller eit omsorgssenter (UDI). Dei færraste av desse hadde starta i grunnskolen 1. oktober, sidan svært mange av asylsøkjarane kom til Noreg dei siste månadene av 2015.

Figur 2.8 Elevar som får anna særskild språkopplæring i tillegg til særskild norskopplæring, i dei ti største kommunane. 2015-16. Prosent.

figur-2-8-elevar-som-far-anna-saerskild-sprakopplaering-i-tillegg-til-saerskild-norskopplaering-i-dei-ti-storste-kommunane-2015-16-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Figur 2.9 Lærartimar til særskild språkopplæring per elev*. 2005-2015. Timar per elev.

figur-2-9-laerartimar-til-saerskild-sprakopplaering-per-elev-2005-2015-timar-per-elev

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

* Per elev med vedtak om særskilt norskopplæring