2.3 Tilpassa opplæring og spesialundervisning

All undervisning skal ifølgje opplæringslova vere tilpassa den enkelte eleven sine evner og føresetnader. Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld alle elevar, også elevar som treng ekstra utfordringar. Skolen skal aktivt ta omsyn til variasjonar blant elevane gjennom læringsmiljø, metodebruk og pedagogikk.

Elevar som ikkje får tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Etter ei skjønnsmessig vurdering skal skolen gjere eit enkeltvedtak om eleven har rett til spesialundervisning eller ikkje. I enkeltvedtaket skal det stå kva slags spesialundervisning eleven har krav på.

Færre elevar får spesialundervisning

Skoleåret 2015-16 har 7,9 prosent av norske elevar enkeltvedtak om spesialundervisning, noko som utgjer i underkant av 50 000 elevar. Nærare halvparten av alle elevane som får spesialundervisning, har eit enkeltvedtak på over 7 timar i veka. 68 prosent av elevane som får spesialundervisning, er gutar, og dette har vore ganske stabilt over tid.

Det har lenge vore eit politisk mål å betre den tilpassa opplæringa slik at alle elevar får eit betre læringsutbyte i den ordinære undervisninga. Talet på elevar som fekk spesialundervisning, auka jamt frå 2006 til 2011. I løpet av dei siste tre skoleåra har trenden snudd, og vi ser ein liten nedgang på nasjonalt nivå. Vi veit ikkje nok om nedgangen kjem av at skolane har blitt betre på tilpassa opplæring, eller av at elevar ikkje får rettane sine oppfylte. Talet på klagesaker som gjeld spesialundervisning, har gått ned.

17,7 prosent av lærartimane går til spesialundervisning i skoleåret 2015-16, ein auke frå 14,6 i 2005. Det har vore ganske stabilt sidan 2011-12.

Nesten tre gonger så mange elevar får spesialundervisning på 10. trinn som på 1. trinn

Prosentdelen elevar som får spesialundervisning aukar utover i skoleløpet. På 1. trinn får 3,8 prosent av elevane spesialundervisning, medan prosentdelen på 10. trinn er 10,6, altså nesten tre gonger så høg. Ein grunn til denne auken kan vere at dei faglege krava blir større utover i skoleløpet (Wendelborg 2015).

Figur 2.5 Elevar i grunnskolen med enkeltvedtak om spesialundervisning. 2006-2015. Prosent.

figur-2-5-elevar-i-grunnskolen-med-enkeltvedtak-om-spesialundervisning-2006-2015-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Fleire får spesialundervisning i den ordinære klassen

Så langt det er mogleg og forsvarleg, skal spesialundervisninga gjennomførast i den ordinære klassen. 35 prosent får spesialundervisning i hovudsak i den ordinære klassen. Resten får det meste av spesialundervisninga i grupper eller åleine. Det har vore ein vesentleg auke frå 2013 -14 då 28 prosent fekk spesialundervisning i den ordinære klassen.

Nesten 4000 elevar går på eigne skolar for spesialundervisning eller på skolar med eiga fast avdeling for spesialundervisning. Ytterlegare 1700 elevar er utplasserte på alternative opplæringsarenaer ein eller fleire dagar i veka med opplegg til dømes knytt til friluftsliv, arbeid på gard eller bilverkstad.

Figur 2.6 Organisering av spesialundervisninga. 2015-16. Prosent.

figur-2-6-organisering-av-spesialundervisninga-2015-16-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)