2.2 Fag- og timefordelinga i grunnskolen

Norsk og matematikk er dei største faga i grunnskolen. Dei utgjer til saman nesten 40 prosent av det totale timetalet, som er 5234 timar i løpet av barnetrinnet og 2622 timar i løpet av ungdomstrinnet. Etter desse er kroppsøving og samfunnsfag dei største faga.

Undervisningstimetalet har auka dei siste ti åra

I løpet av dei siste 10 åra auka Noreg timetalet ved fleire høve, og i 2015 ligg Noreg over OECD-snittet (OECD 2015). I 2005 låg Noreg godt under det gjennomsnittlege talet på undervisningstimar i OECD, med Finland som einaste land med færre timar (OECD 2007).

Noreg bruker meir tid på lesing, skriving, matematikk og naturfag enn andre OECD-land

Dei fleste landa i OECD bruker om lag halvparten av det totale timetalet på barnetrinnet til faggruppene lesing, skriving og litteratur, matematikk og naturvitskaplege fag, men sidan talet på undervisningstimar totalt varierer, er det store skilnader i undervisningsomfanget. Norske elevar får 2588 timar til saman i faggruppene lesing, skriving og litteratur, matematikk og naturvitskaplege fag. Det einaste landet i OECD med fleire timar i desse faggruppene er Canada.

Noreg bruker også mange timar på faggruppa religion, etikk og moral. I løpet av barnetrinnet går det med 427 timar til faget, noko som er nesten dobbelt så mange timar som snittet i OECD. Berre Israel og Irland har fleire timar enn Noreg i denne faggruppa.

Frå hausten 2016 er det foreslått 38 timar meir i naturfag på barnetrinnet.

Figur 2.4 Fag- og timefordeling i Noreg i skoleåret 2015-16, fordelt på 1.-7. og 8.-10. trinn. Timar i løpet av skoleløpet.

figur-2-4-fag-og-timefordeling-i-noreg-i-skolearet-2015-16-fordelt-pa-1-7-og-8-10-trinn-timar-i-lopet-av-skolelopet

Kjelde: Utdanningsdirektoratet