2.10 Vaksne i grunnskulen

I skoleåret 2015-16 får nesten 11 000 vaksne grunnskoleopplæring. Gruppa omfattar både vaksne som får ordinær grunnskoleopplæring, og vaksne som får spesialundervisning.

Rett til grunnskoleopplæring for vaksne

Alle vaksne som er over opplæringspliktig alder (16 år), og som ikkje har fullført grunnskole, har krav på opplæring. Retten omfattar til vanleg dei faga deltakaren treng for å få vitnemål for fullført grunnskoleopplæring for vaksne, og det er kommunen som skal leggje til rette for opp- læringa. Opplæringa skal vere tilpassa behova til den enkelte. Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

Fleire vaksne får ordinær grunnskoleopplæring

Hausten 2015 fekk om lag 7500 vaksne ordinær grunnskoleopplæring. Det har vore ein jamn auke i talet på deltakarar i den ordinære grunnskoleopplæringa for vaksne. I 2010 var talet 5500. Auken kjem av at det har blitt langt fleire minoritetsspråklege deltakarar. 93 prosent av deltakarane i ordinær grunnskoleopplæring er minoritetsspråklege.

Med spesialundervisninga ser vi motsett utvikling. I dag er det 3400 vaksne deltakarar som får spesialundervisning, noko som er 1900 færre enn for fem år sidan.

Lærarårsverk til undervisning av vaksne i grunnskolen

Totalt går det 1100 årsverk til undervising av vaksne i grunnskolen. 98 prosent av årsverka til undervising blir utførde av personale med godkjend lærarutdanning. Det er i snitt 10,1 vaksne deltakarar per årsverk.

Mengda deltakarar per årsverk har stige kvart år sidan Deltakarar totalt 2012-13.

Figur 2.15 Vaksne som får ordinær undervisning og spesialundervisning. 2010-2015. Tal.

figur-2-15-vaksne-som-far-ordinaer-undervisning-og-spesialundervisning-2010-2015-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)