2.1 Tal på elevar og skolar

Grunnskolen

Grunnskolen er tiårig og er delt inn i barnetrinnet frå 1. til 7. trinn og ungdomstrinnet frå 8. til 10. trinn. Grunnskolen byggjer på prinsippet om likeverdig og tilpassa opplæring for alle. Grunnskoleopplæringa er gratis og blir i hovudsak finansiert av kommunane.

Hausten 2015 (per 1. oktober) er det 624 000 elevar ved offentlege og private grunnskolar i Noreg. Det er nesten 4800 fleire enn på same tid i 2014. Dei siste ti åra har elevtalet vore nokså stabilt på nasjonalt nivå, men det er store skilnader mellom fylka. I Oslo har elevtalet auka med 21 prosent dei siste ti åra, i Akershus har det auka med 9 prosent. Samstundes har det vore ein nedgang på 15 prosent i Nordland og 14 prosent i Finnmark.

Talet på grunnskoleelevar vil auke vesentleg fram mot 2025

Statistisk sentralbyrå (SSB) ventar at talet på barn i grunnskolealder (6–15-åringar) vil auke til 664 000 i 2025, ein auke på 6 prosent frå dagens nivå. Dei ventar at elevtalet vil stige med om lag 5000 elevar per år frå 2015, og med om lag 3000 i året frå 2020 (Statistisk sentralbyrå 2015).

GSI

Skolane rapporterer kvart år inn opplysningar til Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). GSI inneheld opplysningar om elevtal, årstimar, ressursar, spesialundervisning, språklege minoritetar, målform, framandspråk, fysisk aktivitet, leksehjelp, SFO, valfag og PPT.

Det er venta fleire barn i grunnskolealder i alle fylka, bortsett frå i Finnmark, Sogn og Fjordane og Oppland. Talet på elevar ser ut til å auke mest i Rogaland, Oslo og Akershus. SSB reknar med at Rogaland kjem til å ha den største prosentvise auken på 13 prosent, etterfølgt av Aust- og Vest-Agder.

Figur 2.1 Skolar og elevar fordelte etter talet på elevar ved skolen. 2005-2015. Prosent.

figur-2-1-skolar-og-elevar-fordelte-etter-talet-pa-elevar-ved-skolen-2005-2015-prosent

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Stadig færre og større grunnskolar

Private grunnskolar

Private grunnskolar er anten friskolar godkjende etter friskolelova § 2-1 eller private skolar godkjende etter opplæringslova § 2-12.

Skolar som er godkjende etter friskolelova, har rett til statstilskot. I all hovudsak er private grunnskolar i Noreg friskolar.

Friskolelova slår fast at nye grunnskolar må oppfylle minst eit av følgande grunnlag:

  • livssyn
  • anerkjende pedagogiske retningar
  • internasjonalt
  • særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma
  • norsk grunnskoleopplæring i utlandet
  • særskild profil

Dei skolane som er godkjende etter opplæringslova, må ikkje oppfylle eit spesielt grunnlag, men kvaliteten på opplæringa må tilsvara opplæringa i offentleg skole. Private skolar godkjende etter opplæringslova har ikkje rett til statstilskot.

I Noreg er det ikkje lov å drive private grunnskolar utan at dei er godkjende etter friskolelova § 2-1 eller opplæringslova § 2-12.

Vi bruker samlenemninga privatskolar på friskolar og private skolar utan statstilskot. Snakkar vi om desse skolene kvar for seg, omtalar vi dei som friskolar eller private skolar utan statstilskot.

Tendensen går mot færre og større skolar i Noreg. Hausten 2015 er det 2867 grunnskolar. Det er 19 færre enn i 2014 og nesten 400 færre enn i 2005. Hausten 2015 er det i snitt 218 elevar per skole, og det er 26 fleire enn for ti år sidan.

Hausten 2015 er det 160 skolar med over 500 elevar, og over 90 000 elevar går på desse skolane. For ti år sidan var det 117 skolar med så høge elevtal, og desse skolane hadde drygt 65 000 elevar til saman. I tillegg til at det har blitt fleire store skolar, har gjennomsnittleg elevtal på desse skolane auka frå 556 til 589 elevar.

Samstundes som det blir fleire av dei største skolane, blir det færre av dei minste. I 2005 var det nesten 1200 skolar med under 100 elevar, medan talet i dag er under 900. 30 prosent av skolane har under 100 elevar, men under 10 prosent av elevane går på dei minste skolane, slik figur 2.1 visar.

Storleiken på skolane varierer mykje frå fylke til fylke. I Finnmark og Troms har over halvparten av skolane under 100 elevar, og ingen skolar med over 500 elevar. Oslo har flest store skolar, og er også fylket der prosentdelen store skolar har auka mest. I 2005 hadde 20 prosent av skolane i Oslo over 500 elevar, og i 2015 har dette auka til 32 prosent.

50 grunnskolar lagde ned

Mellom 2014-15 og 2015-16 vart 50 grunnskolar lagde ned. Av desse var 47 kommunale, 1 friskole, 1 privat utan tilskot og 1 statleg. Skoleåret 2015-16 blei det oppretta 31 nye grunnskolar. Dei nye grunnskolane fordeler seg slik:

  • 13 kommunale
  • 8 friskolar godkjende på grunnlag av livssyn
  • 4 friskolar godkjende på grunnlag av ei anerkjend pedagogisk retning (alle Montessori)
  • 4 friskolar godkjende på internasjonalt grunnlag
  • 1 friskole på disponibel avgjerd
  • 1 privatskole utan statstilskot

Talet på skolar som blir oppretta og som blir nedlagde, varierer frå år til år, men dei siste ti åra er det i gjennomsnitt lagt ned 59 skolar og oppretta 22 skolar årleg.

Tabell 2.1 Grunnskolar fordelte på eigarform. 2015-16. Tal.

Eigarform
Kommunal 2 628
Fylkeskommunal 10
Interkommunal 3
Statleg 2
Friskole 215
Privat (godkjende etter opplæringslova § 2-12) 9
Totalt 2 867

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

Når grunnskolar blir lagde ned, byrjar som regel elevane i nærmaste offentlege skole. Dette er mykje vanlegare enn at det blir oppretta nye friskolar som erstatning for dei nedlagde skolane. I berre 5 prosent av kommunane der det vart lagt ned ein eller fleire offentlege grunnskolar dei siste ti åra, vart det oppretta ein ny friskole same skoleåret. Dei nye friskolane hadde i gjennomsnitt 49 elevar, medan dei nedlagde offentlege skolane i snitt hadde 80 elevar.

Det er hovudsakleg små skolar som blir lagde ned. 72 prosent av dei 14 nedlagde skolane med over 100 elevar var kommunale skolar, og dei vart lagde ned på grunn av skolesamanslåingar.

Dei siste fem åra har det komme rundt 30 nye montessoriskolar. Om lag 20 av desse skolane har komme i kommunar der det har vore nedlagt ein offentleg grunnskole det same året. Men skoleåret 2015-16 kom det berre fire nye montessoriskolar og i berre ein i ein kommune der ein offentleg grunnskole vart lagd ned.

Fleire private grunnskolar

Sidan 2005 har talet på private grunnskolar auka med 45 prosent, og det er i dag 224 godkjende private grunnskolar i drift. Dette er 69 fleire enn i 2005, og dei fleste av desse er friskolar. Nesten 22 000 elevar går på privatskolar/friskolar i dag; det utgjer 3,5 prosent av alle elevane i grunnskolen, og er ein auke på 1,1 prosentpoeng frå 2005. Private grunnskolar har færre elevar i gjennomsnitt enn offentlege grunnskolar. Hausten 2015 har dei private skolane i gjennomsnitt 97 elevar, mot 229 i dei kommunale skolane.

Tabell 2.2 Private grunnskolar. 2015-16. Tal.

Grunnlag for godkjenning friskolar
Livssyn 83
Anerkjend pedagogisk retning 101
Internasjonalt 13
Særskild tilrettelagd opplæring for funksjonshemma* 4
Dispansasjonsregel 1
Utan særskild grunnlag** 13
Private skolar utan tilskot 9
Totalt antall privatskolar i Noreg 224
Norsk grunnskoleopplæring i utlandet 11
Totalt tal på privatskolar i Noreg og utlandet 235

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

*I tillegg gir to av skolane som er godkjende etter ei anerkjend pedagogisk retning, og ein
av skolane som er godkjend på livssynsgrunnlag, også særskilt tilrettelagd opplæring for
funksjonshemma.
** Desse skolane var i drift innan utgangen av 2007, og godkjende før lova kom med
krav om grunnlag.

5 prosent av elevane i Oslo, Bergen og Trondheim går på privatskole

Dei største friskolane ligg stort sett i og rundt dei største byane. I Oslo, Bergen og Trondheim går 5 prosent av elevane på friskole. Til samanlikning er det berre 0,5 prosent av elevane i Sogn og Fjordane som går på friskole.

Hovudtendensen er at det er få elevar som går på privatskole i Noreg samanlikna med dei andre nordiske landa. I Danmark går heile 15 prosent av barneskoleelevane og 27 prosent av ungdomsskoleelevane på privatskolar. I Sverige er det også langt fleire elevar som går på privatskole enn i Noreg.

Figur 2.2 Private grunnskolar frå 2005-2015. Tal.

figur-2-2-private-grunnskolar-fra-2005-2015-tal

Kjelde: Utdanningsdirektoratet (GSI)

* Tal for private grunnskular i utlandet vart inkludert frå 2005

Figur 2.3 Elevar i private skolar fordelte på barne- og ungdomstrinn. 2013. Prosent.

figur-2-3-elevar-i-private-skolar-fordelte-pa-barne-og-ungdomstrinn-2013-prosent

Kjelde: OECD 2015